Words of Wisdom:

"I'm toppin da list on 3 topics!!! search 'The war on iraq', "the state of the planet' and 'the pursuit of scientific knowledge'" - Golden

Den Psykologiske Påkjenninga Av Å Vere Toppidrettsleiar

  • Date Submitted: 04/07/2011 05:27 PM
  • Flesch-Kincaid Score: 67.8 
  • Words: 771
  • Essay Grade: no grades
  • Report this Essay
Den psykologiske påkjenninga av å vere toppidrettsleiar

Eg skal ta for meg artikkelen ”Frykter trenere kan begå selvmord” av Ivar Morten Nordmark. Der han meinar at fotballtrenarane i Noreg ikkje maktar presset som klubbane legger på dei. ”Hvis ikke fotballfamilien tar vare på hverandre, kan det komme til å skje en katastrofe i norsk fotball. Noen kommer til å ta sitt eget liv”, seier han til Sportmagasinet.
 
Eg er ikkje einig i denne uttalinga. For eg meinar at viss ein velgjer å bli fotballtrenar, så må ein rekna med å ha eit visst press på seg. Det er jo ikkje nokon som påleggjar dei å vere fotballtrenar, dei velgjer det jo heilt sjølv. Og viss ein har ein dårleg psyke, vil eg råde dei til å ikkje bli fotballtrenarar. Eg vil seie som Ola By Rise sa: ”Det er ikke de svakeste ledd som får jobben i norske toppklubber.” Ola By Rise opplevde sjølv å bli sparka da han blei seriemeister med Rosenborg i 2004.
 
Men det er ikkje bare Ola By Rise som har fått sparken dei siste åra i norsk toppfotball. Det er mange som har lidd same lagnad som han. Vi kan til dømes fortsette med Rosenborg. Dei har sidan 2002 hatt seks forskjellige trenarar. Og i årets Tippeliga, har 6 av 16 trenarar slutta som på grunn av ulike orsakar. Men dei fleste har blitt sparka. Ein kan spørje seg sjølv kva som føregår i leiinga til dei norske klubbane. Om dei i heile tatt tenkjer langsiktig, å la trenarane lov til byggje eit lag. Men ein skulle ikkje tru dei tenkte seg om før dei sparka trenarane sine. For meg verker det som dei tar paniske avgjerder som dei trur skal redda dei frå å rykkje ned.

Eg meinar at klubbane må vere litt tolmodige. Å la dei skape eit slagkraftig lag over tid, som kan kjempe i toppen norsk fotball. For når dei tilsetjar ein trenar, må dei jo ha trua på at han kan lage eit godt lag. Men når gode trenarar blir sparka kan dei jo spørje seg: ”Kva galen har eg gjort?” Det er ikkje sikkert det er trenarane som har gjort noko feil, men leiinga i klubben.
 
Men tilbake...

Comments

Express your owns thoughts and ideas on this essay by writing a grade and/or critique.

  1. No comments